Aidn
Kontakt oss
Prøv demoen

Tale til tekst

Ullensvang kommune tek i bruk eit KI-verktøy som hjelper tilsette å dokumentere samtalar i helse- og omsorgstenesta betre. Her er kva det betyr for deg.

Kva er det?

Når du har ei samtale med ein tilsett, til dømes ei kartleggingssamtale heime eller ei pårørendesamtale, kan verktøyet lytte til samtalen og lage eit skriftleg forslag til oppsummering. Slik får den tilsette meir tid til å vere til stades med deg.

Du kan reservere deg

  • Den tilsette informerer deg om at verktøyet blir brukt
  • Du kan når som helst seie frå, før eller under samtalen, at du ikkje vil at verktøyet skal brukast. Då blir det slått av
  • Det får ingen konsekvensar for hjelpa du får

Korleis fungerer det?

Det som blir sagt, blir gjort om til tekst, og verktøyet lagar eit forslag til oppsummering. Den tilsette les gjennom, rettar ved behov og godkjenner før noko blir lagra i saka. Ingen ting går inn i journalen utan at eit menneske har kvalitetssikra det.

Kvifor har vi lov til dette?

Kommunen har plikt til å dokumentere helsehjelp og sakshandsaming etter helsepersonellova og pasientjournalforskrifta. Helsedirektoratet har vurdert at bruk av KI-verktøy til journalføring er innanfor regelverket, og at det ikkje krevst eit eige samtykke utover det vanlege samtykket til helsehjelp. Du har likevel rett til å reservere deg mot bruken av verktøyet. Du kan lese meir hos Helsedirektoratet.

Kva skjer med lyden?

  • Lyden blir behandla av sikre tenester innanfor EU/EØS, under norsk og europeisk personvernlovgjeving (GDPR)
  • Lyden blir lagra mellombels i maksimalt 12 timar, og deretter automatisk sletta
  • Lyden blir aldri brukt til å trene KI-modellar
  • Berre den godkjende oppsummeringa blir del av saksdokumenta.

Dine rettar

Du har rett til innsyn, retting av feil opplysningar, og til å klage til kommunen eller Datatilsynet.

Spørsmål?

Snakk med den tilsette du har kontakt med, eller finner du kontaktinformasjon til ansvarlig person i Ullensvang kommune her.

Andreas Hering

Prosjektleder i Ullensvang kommune